Gruppeopphold for voksne med MO og Olliers sykdom våren 2019

Gruppeopphold for voksne med MO eller Olliers sykdom:
24. april. – 15. mai  2019
På Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

IMG_8598

Nytt i 2019 er eit gruppetilbod til vaksne personar med MO/Olliers sjukdom. Tilbodet er utvikla i samarbeid med TRS kompetanseteneste, Sunnaas Sjukehus. Hovudfokuset under opphaldet vil vere å leve med MO eller Olliers sjukdom som vaksen og ha eit aktivt liv. Målet med kurset er:

Å oppretthalde/ betre funksjonsnivå
Lære meistrings-strategiar i forhold til dosering av aktivitet og sosial og/eller arbeidsdeltaking
Lære trappetrinnsmodell
Gje den enkelte positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt
Opplegget vil innebere både undervisning og gruppesamtaler, individuell kartlegging/rettleiing, fysisk aktivitet i gruppe og læring gjennom samvær med andre i liknande situasjon. På senteret er det moglegheit for individuelt tilrettelagt trening i sal, gruppetrening i gymsal, trening i terapi- og symjebasseng, styrketrening, kondisjonstrening, turar og naturopplevingar. Vi legg stor vekt på å bruke det flotte uteområdet og nyttar blant anna fjorden til båtturar, kajakk eller kanopadling. Det er òg moglegheit for utprøving av aktivitetshjelpemiddel.

Tilbodet er eit gruppetilbod og gjeld for vaksne med MO eller Olliers sykdom over 18 år. Det er plass til opptil 8 deltakarar i
gruppa. Det vil være mogleg å få praktisk hjelp, beskriv difor behovet ditt for praktisk hjelp i søknaden.

Senteret er godt tilrettelagt også for rullestolbrukarar, og det er asfaltstiar som er farbare for rullestoler (manuell og elektrisk).

Det er ingen eigenandel for dette opphaldet.

Ved praktiske spørsmål ta kontakt med Jeanette Løseth tlf. 57 73 71 00.

Les mer om rehabiliteringssenteret her: https://www.rkhr.no

Kontakt med eksterne samarbeidspartar:

Under rehabiliteringsopphaldet tek vi kontakt med aktuelle eksterne aktørar ved behov, dette vert alltid gjort i samråd med den enkelte pasient. Det kan vere fastlegen din, arbeidsgjevar, NAV, bedriftshelseteneste, heimetenesta i kommunen eller andre.

Påmelding så fort som mulig fortløpende, men senest innen 1.mars.

Søknad:
Søknad via fastlegen på eige skjema:
https://helse-bergen.no/seksjon/regionalt-kompetansesenter-for-habilitering-og-rehabilitering/documents/tilvisingsskjema-nynorsk-april2013.pdfDeltakarar som får tilbod om plass, vil kunne få sjukmelding (gjennom fastlegen) og kan søke om å få dekt reiseutgifter. Informasjon om rett til dekking av reiseutgifter finn du på: https://helsenorge.no/rettigheter/pasientreiser/sok-om-reisedekning
Les mer om rehabiliteringssenteret her: https://www.rkhr.no
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.